Lok. 200 på E39 Stord-Os (Hordfast)
Lok 200 består av dyrkingslag frå Eldre bronsealder.
Lokaliteten ligger ca. 21 moh. og dekk ca. 183 m2. Lokaliteten ligg i eit område med slåttemark, den består av eit positivt prøvestikk som er tatt heilt i ytterkanten av eit opphøgd noko utflata platå. Terrenget fell ned mot Uggdalsvegen i aust. Det skrår også noko nedover mot sør. Like sør for lokaliteten ligg ein nedgraven høgspent.
Lokaliteten ligg heilt ved ytterkant av planområdet, det opphøgde platået som prøvestikket er tatt i kanten av verker optimalt både med tanke på busetting og dyrking. Det blei grove eit prøvestikk for å påvise eventuell aktivitet, men det var ikkje mogleg å avgrense eller påvise nokon aktivitet videre nord då flata fortsett langt ut forbi planområdet.
Prøvestikket påviste tjukke lag med kolrike massar, utan gjenstandsfunn.
-Det er eit torvlag i topp som er ca. 10cm tjukt (Lag 1)
-Under dette er det 110cm med mørk grå kol stein og sandhaldig silt (Lag 2).
-I botnen er det grå stein og sandhaldig silt. Det er ikkje mogleg å grava djupare. (Lag 3)
Det kolhaldige laget skrår kraftig og forsvinn heilt ut av den eine profilen av stikket. Det er mogleg at stikket markerer ein ytterkant av aktiviteten.
Det blei datert to prøver frå det kolhaldige laget. Ein ved ei djupne av 30-50cm (KP.JA.802.1, lag 2 )og ein ved 80-100cm djupne (KP.JA.802.2, Lag 2 ).
KP.JA.802.1 blei datert til 1306 – 1124cal.f.kr
KP.JA.802.1 blei datert til 1434 – 1278cal.f.kr